Karriereveiledning

Karriereveiledning egnar seg for personar som står i ein valgsituasjon yrkesmessig, og er usikker på kva som vil vera eit godt valg. Målet kan vera: - skule og studievalg - jobbyte - bedrifter med nedbemanning eller omstilling - arbeidssøkning - yrkesretta attføring

Ros – Samtalen

ROS ( Ressurs Orientert Samtale) er ein metode for å kartlegge den enkelte sine ressursar og høve til arbeid. ROS er eit grundig, metodisk og fagleg supplement til NAV si eiga arbeidsevnevurdering. Utgangspunktet er ein gjennomgang av brukaren sin kvardagssituasjon, og brukar sin eigen vurdering av denne. ROS består i to hovedelement - Strukturert samtale der samanheng, ressursar, brukermedverknad og engasjement blir synleggjort. - Observasjon av praktisk arbeidsutprøving med individuelt tilrettelagte arbeidsoppgåver. Etter gjennomført kartlegging vert det utarbeid ein fyldig rapport som dokumenterar brukar sine ressursar og moglegheitar opp mot krav og forventningar i arbeidslivet.

Introduksjonskurs

Indre Sogn ASVO har en skreddersydd kurspakke med et innhold som kan endres etter behov. Temaene i kurspakken er blant annet: - jobbsøking - rettar og pliktar som arbeidstakar - helse og ernæring - helse, miljø og tryggleik/ ergonomi - arbeidsliv og rus - personlig økonomi

Fysisk trening og sunt kosthold

Indre Sogn ASVO as legger stor vekt på at fysisk trening og et sunt kosthold er en viktig del av attføringen. Vi har felles trim hver dag for alle ansatte.

Arbeid med bistand

Arbeid med bistand (AB) hjelper arbeidssøkjarar med særskilte behov til å få, og/ eller behalda eit arbeid i det ordinære arbeidsliv. Tiltaksdeltakar er i arbeid i ordinær bedrift med bistand frå oss. Bistand kan bety kompetansekartlegging og avklaring, hjelp til å finne eigna arbeidsstad, tilrettelegging på arbeidsplassen, opplæring i arbeidsrelaterte og sosiale evner. I tillegg gjev vi råd og rettleiing til arbeidsgjevar. NAV tilviser arbeidssøkjar til AB. Den enkelte deltakar får deretter hensiktsmessig og nødvendig bistand på arbeidsplassen av ein kontaktperson. Bistanden vert gjeve ut frå søkjaren sine behov og interesser. Deltakar kan vere i tiltaket i inntil tre år. Tiltaket kan tilby deltakar hjelp som tar utgangspunkt i den enkeltes behov, interesser og evner og som kan hjelpe til med å finne ein jobb ein meistrar og trives i. AB kan blant anna tilby: - kartlegging av deltakars kompetanse - bistand til å finne eigna arbeidsplass - oppfølging i startfasen av eit nytt arbeidsforhold - legge til rette for bruk av tekniske hjelpemidlar på arbeidsplassen - forhandlingar med arbeidsgivar om lønns- og tilsettingsforhold

Arbeidspraksis i skjerma verksemd

NAV tilviser personer til Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS) for at deltakar skal få arbeidstrening ved Indre Sogn ASVO as for ein periode. Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. Medan personen er i tiltaket vert det samarbeid tett med NAV og andre oppfølgingsinstansar. Tiltaket skal bidra til å avklare deltakar sitt høve til å kome inn på den ordinære arbeidsmarknaden. Gjennom perioden skal deltakaren få styrka sjansane til å kome i arbeid eller utdanning. Tiltaket inneber at deltakar gjennom Indre Sogn ASVO as får: - kartlagt sin motivasjon, ønskjer, interesser, ressursar og meistring - varierte arbeidsoppgåver som gjev relevant arbeidserfaring - opplæring, undervisning (se introduksjonsprogrammet) og sosial trening - etablert samarbeid med andre instansar etter behov Ved avslutning av tiltaket vil Indre Sogn ASVO as kome med ei tilråding overfor NAV om vidare tiltak, skule eller arbeid.

Varig tilrettelagt arbeid

Indre Sogn ASVO as har Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) til personar med uføretrygd som ikkje får arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden. Arbeidstakaren er tilsett hos Indre Sogn ASVO as, og tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Det er NAV som tilviser personar til tiltaket. Tiltaksdeltakar arbeider med produksjon og omsetning av varer og tenester på våre avdelinger. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkeltes si yteevne. Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursar hos arbeidstakarane gjennom tilrettelagte arbeidsoppgåver. Vi tilbyr så langt vi kan arbeidsoppgåver tilpassa den enkeltes ynskjer og behov.

Inkludering

- Støtte til å fungere i det sosiale miljøet på arbeidsplassen - Individuell tilrettelegging - Utprøving av hjelpeutstyr, eller fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen