Arbeidspraksis i skjerma verksemd

NAV tilviser personer til Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS) for at deltakar skal få arbeidstrening ved Indre Sogn ASVO as for ein periode. Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. Medan personen er i tiltaket vert det samarbeid tett med NAV og andre oppfølgingsinstansar.

Tiltaket skal bidra til å avklare deltakar sitt høve til å kome inn på den ordinære arbeidsmarknaden. Gjennom perioden skal deltakaren få styrka sjansane til å kome i arbeid eller utdanning.

Tiltaket inneber at deltakar gjennom Indre Sogn ASVO as får:

– kartlagt sin motivasjon, ønskjer, interesser, ressursar og meistring
– varierte arbeidsoppgåver som gjev relevant arbeidserfaring
– opplæring, undervisning (se introduksjonsprogrammet) og sosial trening
– etablert samarbeid med andre instansar etter behov

Ved avslutning av tiltaket vil Indre Sogn ASVO as kome med ei tilråding overfor NAV om vidare tiltak, skule eller arbeid.