Arbeid med bistand

Arbeid med bistand (AB) hjelper arbeidssøkjarar med særskilte behov til å få, og/ eller behalda eit arbeid i det ordinære arbeidsliv. Tiltaksdeltakar er i arbeid i ordinær bedrift med bistand frå oss.
Bistand kan bety kompetansekartlegging og avklaring, hjelp til å finne eigna arbeidsstad, tilrettelegging på arbeidsplassen, opplæring i arbeidsrelaterte og sosiale evner. I tillegg gjev vi råd og rettleiing til arbeidsgjevar.

NAV tilviser arbeidssøkjar til AB. Den enkelte deltakar får deretter hensiktsmessig og nødvendig bistand på arbeidsplassen av ein kontaktperson. Bistanden vert gjeve ut frå søkjaren sine behov og interesser. Deltakar kan vere i tiltaket i inntil tre år.

Tiltaket kan tilby deltakar hjelp som tar utgangspunkt i den enkeltes behov, interesser og evner og som kan hjelpe til med å finne ein jobb ein meistrar og trives i.

AB kan blant anna tilby:
– kartlegging av deltakars kompetanse
– bistand til å finne eigna arbeidsplass
– oppfølging i startfasen av eit nytt arbeidsforhold – legge til rette for bruk av tekniske hjelpemidlar på arbeidsplassen
– forhandlingar med arbeidsgivar om lønns- og tilsettingsforhold